Kva har du lært på skulen då, kan du ikkje dette? Elevane sine oppfatningar av yrkesutdanninga på vidaregåande trinn 1 restaurant- og matfag, andre året etter at Kunnskapsløftet vart innført

Forfatter(e)

Utgivelsesdato

2009

Utgiver

Høgskolen i Akershus

Dokumenttype

Masterprogram

Master i yrkespedagogikk

Sammendrag

"Kva har du lært på skulen då, kan du ikkje dette?" Dette er tittelen på oppgåva mi, og den er basert på eigne erfaringar frå då eg sjølv var kokkelærling under Reform 94. Eg har undersøkt kva erfaringar elevane på vidaregåande trinn 1 restaurant- og matfag har med undervisinga, det andre året etter at Kunnskapsløftet vart innført hausten 2006. Det nye faget prosjekt til fordjuping kom inn som eit sekstimarsfag i alle vidaregåande trinn 1 i dei yrkesfaglege utdanningane. Ei viktig målsetjing er at elevar skal bli kjende med fag og yrke tidleg i opplæringa. Eg synest difor det er spennande å undersøkje om opplæringa i skulen har blitt meir relevant etter at ei ny reform vart innført. Relevansproblematikken i yrkesutdanninga har vore drøfta av mange ulike forfattarar i fleire tiår. Elevar frå mine tidlegare forskingsoppgåver hevdar at utdanninga i Hotell og næringsmiddelfag ikkje var relevant i høve til det yrket dei skulle utøve då dei kom ut i arbeidslivet. Dette har oppteke meg både i mi eiga utdanning, og seinare i arbeidet som lærar. I mitt empiriske arbeid har eg føreteke kvalitative forskingsintervju og spørjeundersøkingar med elevar på vidaregåande trinn 1 innan yrkesretninga restaurant og matfag. Utgangspunktet for masteroppgåva mi er svara på desse undersøkingane, som eg knyter pedagogisk litteratur og andre relevante forskingsarbeid til. Eg har brukt John Dewey sine pedagogiske tankar fordi eg synest dei høver godt til temaet. Han var ein kjend amerikansk filosof som levde frå 1895 til 1952. Dewey var imot den faginndelte timeplanen, og meinte at elevane skulle ”lære gjennom handling”. Elevane skulle ikkje berre forstå kunnskapen, men også nyttiggjere seg av den i røynda. Fokuset på oppgåva er kva elevane meinar om undervisinga si. Eg diskuterer kva som blir gjort, og kjem med forslag til andre måtar å gjere det på ut i frå pedagogisk litteratur og anna relevant forsking. Timeplanen er i realiteten delt i teori og praksis, sjølv om Kunnskapsløftet ikkje skil mellom det. Korleis kan ein legge til rette innhaldet i undervisinga slik at elevane er motiverte, trivast og lærer av prosessane? Skal elevane vere aktive i arbeidet slik at dei dannar eigne erfaringar, eller skal dei sitje i eit klasserom og lytte? I prosjekt til fordjuping har skulen to satsingsområde. Det er utplassering og ungdomsbedrift. I dette faget kan elevane fordjupe seg i ønska fagområde, noko som kan bidra til at dei får ei kjensle av at utdanninga blir meir relevant. Eg kjem med sitat frå elevane der dei gjev uttrykk for kva dei meinar om faget. Elevane er utplasserte, og dei får føle på kroppen korleis ein dag ute i arbeidslivet er. Dei utfører ei arbeidsoppgåve saman med ein læremeister og deltar i eit sosialt praksisfellesskap. I arbeidet med at elevane driv sin eigen restaurant får dei høve til å ha ”ekte gjester” i skulekvardagen. Elevane blir nøydde til å ta ansvar, og dei får i skuledagen føle på kroppen noko av presset frå arbeidslivet. Det er ei utfordring å integrere fellesfaga med yrkespraksis og yrkesteori. Det er blitt større fokus på yrkesforankring dei siste åra. Yrkesforankring dreiar seg om korleis skuleleiinga og alle faglærarane i dei ulike klassene klarer å skape ei heilskapleg utdanning for elevane. Det skal vere ein samanheng mellom dei ulike fellesfaga og for eksempel det praktiske arbeidet elevane arbeider med på kjøkkenet. Elevane kjem med eksempel på korleis ein kan yrkesforankre undervisinga. I tillegg viser dei til både positive og negative sider ved å ha fellesfag i undervisinga på restaurant og matfag.
ABSTRACT: "What have you learned at school, don't you know how to do this?" This is the title of my written composition, and it is based on my own experiences from the time I was a chef apprentice under Reform 94. I have been searching for the pupils experiences with the vocational training the first year of the upper secondary education in the restaurant and food profession, the second year after the reform ”Kunnskapsløftet” was introduced in the autumn 2006. The new subject called “Project to deeper understanding” was put to use six hours every week the first year in all secondary education. An important purpose is that pupils early during the education should know about subjects and occupations. Therefore I find it exciting to find if the training has become more relevant after this new reform. Problems with relevance have been discussed by many writers for decades. Pupils’ from my earlier assignments say that the education in the restaurant and food professions was not relevant compared to the occupation they were supposed to practise as they started working. I have been devoted to this both during my own education, and later in my work as a teacher. In my empirical work I have done qualitative science interviews and surveys with pupils at the first year of the upper secondary education in the restaurant and food profession. The starting point for my master piece is the answers to these examinations, which I connect with educational literature and other relevant science work. I have been using John Deweys educational thoughts because they go well with my topic. He was an American philosopher who lived from 1895 to 1952. Dewey was against the timetable split in subjects, and meant that the pupils should ”Learn to Do by Knowing and to Know by Doing”. The pupils should not just understand the knowledge, but also use it in real life. The focus is on what the pupils assert about their education. I discuss what is being done, and come up with other ways to do it, based on educational literature and other relevant science. The timetable is split in theory and practice, even though the reform “Kunnskapsløftet” does not differentiate between them. How can we organize the content in a way that the pupils find motivating so that they enjoy themselves and learn from the processes? Are the pupils meant to be active in the work situation, so that they make their own experiences, or are they meant to just sit in a classroom listening? In project to deeper understanding the school has two important areas. That is work placement and youth business. In this subject the pupils can immerse themselves in wanted subject area, and this can therefore contribute to a feeling of a more relevant education. I bring in quotes from the pupils concerning what they think about the subject. The pupils are placed into practical work, and because of that they get a feeling of how a day in real working life is. They do a piece of work in company with a master worker and take part in a social practice community. During the pupils work with their own restaurant, they get the opportunity to have real guests in their school days. The pupils have to be responsible, and they get a feeling of the pressure in real working life. It is a challenge to integrate the common subjects with vocational practice and vocational theory. The latest years it has turned out to be larger focus on vocational orientation. Vocational orientation centres on how the school administration and all the specialist teachers manage to create an overall education for the pupils. There is supposed to be a connection between the different common subjects, and for instance the practice work the pupils do in the kitchen. The pupils come with examples of how the education can be vocationally oriented, and in addition they come with both positives and negatives with having common subjects in the education of the restaurant and food profession.

Emneord

Permanent URL

  • http://idtjeneste.nb.no/URN:NBN:no-bibsys_brage_10143
  • http://hdl.handle.net/10642/794