Eit løft for yrkesfagleg opplæring på Vg1 helse- og sosialfag: korleis leggje tilrette for ein byrjande heilskapleg yrkeskunnskap for elevar på Vg1 helse- og sosialfag?

Forfatter(e)

Utgivelsesdato

2010

Utgiver

Høgskolen i Akershus

Dokumenttype

Masterprogram

Master i yrkespedagogikk

Sammendrag

Eit løft for yrkesfagleg opplæring; Dette er tittelen på mi masteroppgåva. Oppgåva har hatt fokus på korleis elevar på Vg1 helse - og sosialfag skal få ei meir praksisretta og heilskapleg opplæring og etter mi meining få ein god start på yrkesutdanninga si. Problemstillinga i oppgåva er: Korleis legge til rette for at elevar på Vg1 helse- og sosialfag skal få utvikle ein byrjande heilskapleg yrkeskunnskap. Fokus på sentrale nøkkelkvalifikasjonar som kjenneteiknar arbeid med menneske kan, saman med arbeidspraksis, vere eit reiskap for å oppnå dette. Ved innføring av Kunnskapsløftet kom eit nytt fag, Prosjekt til fordjuping, inn i alle yrkesfaglege programområde. Ei viktig målsetjing var at elevane skulle bli kjende med fag og yrke tidleg i opplæringa. Dette opna for å legge til rette for meir praksisretta opplæring. Dette er utganspunkt for mi masteroppgåve. I prosjektet har eg forska i mitt eige arbeidsfelt og eg har nytta aksjonsforsking som strategi. Eit nært samarbeid med elevar og kollegaer har vore styrande for utviklinga i prosjektet. Som teoretisk forankring har eg gått inn i styringsdokumenta for å analysere kva dei seier om heilskapleg yrkeskunnskap. Eg har også sett meg inn i teoretiske utgreiingar om utvikling av heilskapleg yrkeskunnskap, praksisteori og refleksjon. I mitt empiriske arbeid har eg samla inn loggar, notat frå samtaler, arbeidsoppgåver og gjennomført intervju med elevar. Fokus har vore korleis legge til rette for ei heilskapleg opplæring, med utgangspunkt i fordjuping i nøkkelkvalifikasjonar og fleire periodar med arbeidspraksis. I analysa har eg teke med sitat frå elevar og kollegaer og mine eigne refleksjonar. I gjennomføringa av prosjektet har eg fått ein del svar på om elevane opplevde opplæringa som ein start på ei framtidig yrkesutdanning . Eg har drøfta om prosjekt til fordjuping og nøkkelkvalifikasjonane var gode reiskap i dette arbeidet. Også styringsdokumenta sine signal om å legge til rette for ein byrjande heilskapleg yrkeskunnskap vart drøfta. I loggar, oppgåver, samtaler og intervju kom det fram at elevane var blitt meir bevisste sine val vidare i utdanningslaupet. Å få praktisk erfaring i utplasseringsbolkar gav dei høve til å bli kjend med yrkesutøvarar, observere og sjølv prøve ut arbeidsoppgåver. Dei opplevde også at nøkkelkvalifikasjonane hjelpte dei til å sjå ulike programfag i programområdet i ein samanheng. I arbeidspraksis erfarte dei også at kvalifikasjonane var sentrale i yrkesutøvinga. Styringsdokumenta, då spesielt læreplan for Vg1 helse- og sosialfag, si inndeling i fag opplevde eg var eit hinder for tverrfagleg opplæring og ei tilrettelegging for å utvikle meir heilskapleg yrkeskunnskap. Dette er utfordringar ein må arbeide vidare med

Emneord

Permanent URL

  • http://idtjeneste.nb.no/URN:NBN:no-bibsys_brage_12562
  • http://hdl.handle.net/10642/788