"Det er jo ungen som står i midten" -"Lala", 9 år : nokre krysskulturelle born si retrospektive oppleving av samanhengen mellom heim og barnehage

Forfatter(e)

Utgivelsesdato

2013

Utgiver

Høgskolen i Oslo og Akershus. Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier

Dokumenttype

Masterprogram

Master i barnehagepedagogikk

Sammendrag

Denne oppgåva vart til på bakgrunn av mi aukande interesse for krysskulturelle born sin kvardag i norske barnehagar. Fyrst og fremst ynskte eg å få innblikk i borna si eiga oppleving av samanhengen mellom heim og barnehage. Har det betydning for dei krysskulturelle borna om det fins ein samanheng eller ikkje? Rammeverket for barnehagane i Norge oppfordrar til eit sterkt fokus på det kulturelle mangfaldet (Kunnskapsdepartementet, 2006, 2008, 2011, 2013). Den fleirkulturelle barnehagen er eit mål. Som Marit Gjervan skriv i hefte om Språklig og kulturelt mangfald i barnahegen: ”Å belyse ulikheter og det som er felles kan gi grunnlag for forståing og innsikt” (2006, s.8). Det interessante i undersøkinga var å finne ut av korleis denne innsikta fungerer i praksis og korleis det krysskulturelle barnet sjølv opplever samarbeidet mellom heimen og barnehagen i løpet av barnehagealderen. Men også korleis barnet opplever totalsituasjonen sin i eit mangfaldsperspektiv. Difor fall valet på samtaleintervju med 7 krysskulturelle born frå 4 ulike land. Alle, bortsett frå ein, er fødde utanfor Norge og flytta til landet i 3-4 års alder. Dei er no busette i 2 ulike kommunar her i landet,- ei landkommune og ei bykommune. Eg har valt å samtale med born som har lagt barnehagealderen bak seg med 2-3 år. Slik blir det eit retrospektivt perspektiv med dei aspekt av justeringar som kan ligge i det. Borna dreg fram mange konkrete hendingar frå barnehagetida som sit godt lagra i minne. Funn frå undersøkinga viser born med gode tilpassingsevne og eit høgt refleksjonsnivå. Samtidig finn eg såre brest hos nokre av borna når det gjeld tilhøyrigheit. Eg vil nemne fire tema som dei legg stor vekt på i samtalene; tilhøyrigheit, forståelse, god informasjon og at foreldra treng gode sosiale relasjonar med personale og andre foreldre. Men det temaet som kjem klårast fram av alle er betydninga av venskapsbygging. I alle desse samanhengane snakkar borna om verdien av kontakta mellom dei to arenaane dei ferdast mest. Det som kjem tydeleg fram i samtalene er borna sine evne til sjølve å bygge relasjonar, også mellom heim og barnehage. I undersøkinga gjev dei mange gode råd til barnehagefeltet om kva som er viktig å satse på for å bygge samanhengar i krysskulturelle barn sine liv. Metoden som har vore brukt i undersøkinga, semistruktureret samtaleintervju, var godt eigna til temaet undersøkinga var bygd på. Borna sine opplevingar har kome godt fram i materialet og så får eg håpe både for borna si skuld og for lesaren si skuld, for notid og ettertid, at tolkinga mi av deira historier er respektfullt framstilt.
This thesis is based on my increasing interest in cross-cultural kid's daily life in Norwegian kindergartens. My main objective was to gain insight into children's own experiences of their relationship between home and kindergarten. Is it significant for cross-cultural kids whether this relationship exists? The framework for kindergarten in Norway encourages a sharp focus on cultural diversity (Kunnskapsdepartementet, 2006, 2008, 2011, 2013): the goal is a multicultural kindergarten. As Marit Gjervan stated in Språklig og kulturelt mangfald i barnahegen:"To shine light on differences and commonalities can give a foundation for understanding and insight"(own translation) (2006, s.8). This study aims to find out how this insight works in practise, and how cross-cultural kids experience the relationship between home and kindergarten during their kindergarten years. The study also aims to discover how the children experienced their overall situation from a culturally diverse perspective. Thus, the study is based on semi-structured interviews with seven children from four countries. All, with the exception of one, was born outside Norway and immigrated to Norway at the age of three or four years. The children are now residing in two different municipalities in Norway – one rural municipality and one urban municipality. I have chosen to interview children who completed kindergarten two to three years ago. The children have thus given a retrospective view, albeit with the changes which come with experiences in retrospect. The children spoke of concrete events from their years in kindergarten, which were permanently engraved in the children's memories. Findings from this study reveal that these children have strong adaptation skills and a high level of reflectivity. At the same time some children reveal a level of soreness regarding their sense of belonging. I identify four themes which the children have highlighted in their interviews with me: belonging, understanding, high quality information, and that their parents require strong social relations with both staff and other parents. However another theme, which has been most clearly expressed in these interviews, is the importance of building friendship. In all these situations, the children speak of the value and importance of the contact between the two environments they lived in: home and kindergarten. What stands out in this study is the children's ability to build relationships, also between home and kindergarten. The children come with good advice to the kindergarten system about what is important to focus on when building relationships in cross-cultural kid's lives. The method which I have used in this study, semi-structured interviews, has worked well for the themes investigated. The children have been able to clearly express themselves in the interview material, and I hope, for both the children's and the readers' sake, now and in the future, that my interpretations of their stories have been respectfully presented.

Emneord

Permanent URL

  • http://hdl.handle.net/10642/1977