Tilsetjing og arbeidsløyse i Noreg og Danmark: Er svakt stillingsvern gunstig for folk med dårleg helse?

Author(s)

Publication date

2016

Series/Report no

Tidsskrift for samfunnsforskning;57(01)

Publisher

Universitetsforlaget

Document type

Abstract

Denne studien undersøker arbeidsmarknadstilknytinga til personar med helseproblem i Danmark og Noreg i ein periode med låg etterspurnad etter arbeidskraft. Noreg og Danmark deler mange karakteristikkar, men stillingsvernet er vesentleg svakare i den danske «flexicurity»-modellen. Dette kan vere gunstig for personar med dårleg helse, fordi det er mindre risiko for arbeidsgjevar ved å tilsetta nokon med eit negativt signal (dårleg helse, for eksempel) når det er enkelt å seie opp arbeidstakaren dersom han/ho ikkje er produktiv nok. Resultata indikerer at folk med helseproblem i Danmark har litt større sannsyn for å bli tilsett, og ganske markant større sannsyn for å vere arbeidsledig, enn personar med god helse i løpet av observasjonsvindauget (2008–2011). I tillegg er det meir utbreitt med midlertidig stillingskontrakt blant dei med dårleg helse i Danmark. Folk med helseproblem i Noreg derimot, skil seg ikkje særleg frå personar med god helse. Dette tyder på at eit svakt stillingsvern sannsynlegvis ikkje er vegen å gå for å sikra høg sysselsetting blant folk med dårleg helse.

Keywords

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/3164