Tid som kritisk tema og filosofisk omgrep : nokre implikasjonar for kvalitetsdiskursar innan barnehagepedagogikk

Author(s)

Publication date

2011

Publisher

Høgskolen i Oslo. Avdeling for lærerutdanning og internasjonale studier

Document type

Description

Master i barnehagepedagogikk

Abstract

This is a Master’s in Early Childhood Education from Oslo College, Norway. The main focus is the philosophical thinking about time and quality in kindergarten in light of some discourses in a society that is characterized by "modernizing the public sector" and high goals for quality. The main subjects are based on the Ministry's evaluation report (Østrem, et al., 2009) "All matters more: an evaluation of how the curriculum for kindergarten's content and tasks are introduced, used and experienced.” The report shows that participants basically see time as a barrier to the development of kindergarten in a complex future society. My desire was to examine whether the philosophical thinking of time can provide several approaches to quality discourses, through identifying and trying to set discourse in motion. The thesis looks at the relationship between work-style conditions for staff in kindergarten and quality of the educational content. At least, it is trying to inspire participation to “governmentally” approaching to discourses through philosophical and critical reflections about education, working conditions and ethical challenges associated with the time. The research material consists of texts from the government document, excerpts from three work environment surveys and everyday stories with reflections from four employees in a kindergarten. The material is used to illustrate, illuminate and problematize the understandings of various forms of time and quality, in relation to power, knowledge and truth. It can be seen as contextual in relation to positions of those that have written the texts. The purpose is to highlight time as a critical issue for future kindergarten and to discuss some implications for the discourses in Early Childhood Education. It has been inspired by the philosophical, postmodern and post-structural theory basis. Based on the theoretical approach is the methodological choice a combination of several methods, as a philosophical practice. The postmodern opens up for critical readings of dominating opinion of the present, through theorizing over modernity's desire to give precise answers to precise questions. Not by discarding modernity, but by theorize over it. To draw attention to the time, and twist some contexts which time are inscribed in. It is done as an attempt to open up new possible access to quality in the early childhood education.
Dette er ei masteroppgåve i barnehagepedagogikk frå Høgskolen i Oslo, Noreg. Spenningsfeltet mellom ulike perspektiv innan barnehageutviklinga har utvikla seg på måtar som har inspirert meg til refleksjon og tenking omkring premissleverandørar og barnehageaktørar sine måtar å forhalde seg til tid. Hovudfokuset er filosofisk tenking om tid og kvalitet i barnehagen sett i lys av nokre diskursar i eit samfunn som er prega av “modernisering av offentlig sektor” og høge målsetjingar om kvalitet. Problemstillingane har utgangspunkt i Kunnskapsdepartementet sin evalueringsrapport “Alle teller mer: en evaluering av hvordan Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver blir innført, brukt og erfart” (Østrem, et al., 2009). Rapporten viser at aktørane i stor grad ser tid som hindring for å utvikle barnehagen i eit komplekst framtidssamfunn. Eg hadde eit ønskje om å undersøkje om filosofisk tenking om tid kan gje fleire tilnærmingar til kvalitetsdiskursar, gjennom å avdekke og prøve å setje diskursar i bevegelse. Oppgåva ser på samanhengar mellom arbeidstiltilhøva for personalet i barnehagen og kvalitet i det pedagogiske innhaldet. Ikkje minst er det å prøve å inspirere barnehageaktørar til agentskap i diskursar gjennom filosofiske og kritiske refleksjonar omkring pedagogiske, arbeidsmiljømessige og etiske utfordringar som knyter seg til tid. Forskingsmaterialet består av tekstar frå styringsdokument, arbeidsmiljøundersøkingar og kvardagsforteljingar med refleksjonar frå fire tilsette i ein barnehage. Materialet er brukt til å eksemplifisere, problematisere og belyse oppfatningar av ulike former for tid og kvalitet. Det kan sjåast som kontekstavhengig i høve til posisjonane til dei som har skrive tekstane. Søkelyset er sett på tid som eit kritisk tema for framtidsbarnehagen, og å diskutere nokre implikasjonar for diskursar i barnehagepedagogikk. Oppgåva er inspirert av filosofisk, postmoderne og poststrukturelle teorigrunnlag. På bakgrunn av teoretisk tilnærming er det metodologiske valet ein kombinasjon av fleire metodar. Det postmoderne opnar opp for kritiske lesingar av dominerande oppfatning av notida, gjennom å teoretisere over modernitetens ynskje om presise svar på presise spørsmål. Ikkje ved å forkaste slike svar, men ved å teoretisere over dei. Å rette merksemda mot tid, og vri og vende på nokre samanhengar tid er innskrive i, har eg gjort som eit forsøk på å opne opp for nye moglege tilgangar til kvalitet på barnehageområdet.

Keywords

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/991