Rørsleglede i kroppsøvingsfaget - Ein kvalitativ studie av elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget.

Author(s)

Publication date

2018

Publisher

OsloMet - Storbyuniversitetet

Document type

Description

Master i skolerettet utdanningsvitenskap

Abstract

Denne undersøkinga rettar seg mot føremålet om livslang rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Det er elevar sine erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget eg har vore interessert i å undersøke, og problemstillinga for oppgåva lyder som følgjer: Kva erfaring har elevar, som er på siste året i den trettenårige grunnutdanninga, hatt med rørsleglede i kroppsøvingsfaget? Resultata frå analysen er presentert i eitt kapittel, der det har vakse fram fem hovudkategoriar knytt til deira erfaringar med rørsleglede: Få til; Innhald og lærdom; Positive kjensler; Å vere saman; Bli sett; Kroppsøvingslæraren. Studiet er av kvalitativ art. Det har vorte gjennomført kvalitative forskingsintervju med totalt åtte elevar. Dei går alle siste året på ein vidaregåande skule på studiespesialiserande studieretning. Den kjønnsmessige fordelinga i utvalet er fire gutar og fire jenter, og ingen av informantane har same heimstad. Sjølvbestemmingsteorien, flow theory, litteratur om rørsleglede og kroppsøvingsfaget har danna ei teoretisk ramme for studien. Denne teorien vert nytta for å prøve å gje ei forklaring på korleis rørsleglede vert erfart av elevane i kroppsøvingsfaget, noko som vert presentert i resultat og diskusjonskapittelet i slutten av oppgåva. Resultata frå studien viser at elevane har relativt like oppfatningar av rørsleglede, men svært ulike erfaringar med rørsleglede i kroppsøvingsfaget. Elevane uttrykker delte haldningar til faget, der somme av dei opplever rørsleglede i og utanfor faget, medan andre finn det vanskeleg. Dei fem presenterte kategoriane er faktorar som påverkar elevane si rørsleglede. I korte trekk: For at elevane skal oppleve rørsleglede i faget er det viktig at dei opplever meistring i den utvalde aktiviteten. Dei ynskjer meir medbestemming og variasjon i undervisninga, noko som kan vere med på å gje dei meir av dei positive kjenslene av å vere i aktivitet. Informantane set fellesskapet høgt i kroppsøvingsfaget og dei synest det er kjekkare å vere i aktivitet saman med andre enn åleine. For at alle desse ynskja skal verte innfridde, er det til slutt naudsynt med ein kroppsøvingslærar som ser kvar einskild elev og gruppa som heilheit.

Keywords

Version

publishedVersion

Permanent URL (for citation purposes)

  • https://hdl.handle.net/10642/6398