Med blikk mot fem integrerte (?) norske menn sine kvardagsliv : ein kvalitativ studie med utgangspunkt i menn frå Asia

Author(s)

Publication date

2008

Publisher

Høgskolen i Oslo. Avdeling for samfunnsfag

Document type

Description

Master i sosialt arbeid

Abstract

Denne oppgåva er skriven med utgangspunkt i seks asiatiske menn som har delteke i eit gruppetilbod ved ein vaksenpsykiatrisk poliklinikk, våren 2005. Dei har rømt frå heimlandet sitt, land som har vore/er i krig og der folk til dømes blir forfølgde, fengsla og torturert. Dei har sett og erfart mykje vald og død i heimlanda sine. Eg har intervjua fem av dei med mål om å fange dagleglivet deira og spesifikt få fram korleis dei taklar kvardagen. Det teoretiske utgangspunktet mitt er eit interseksjonalitetsperspektiv. Interseksjonalitet er først og fremst utvikling av eit teoretisk perspektiv som koplar makt og ulikskap til individa sine handlingsmoglegheiter. Individa skapar moglegheiter og avgrensingar for sine livspraksisar, innafor samfunnet sine rammer, rammer dei og påverkar. Det empiriske arbeidet er knytt til livsformsintervju. Eg har gjennomført samtalar med den einskilde av informantane med utgangspunkt i gårsdagen deira som eksemplarisk prinsipp for deira kvardagsliv. Eg har teke utgangspunkt i sentrale politiske føringar for integrering av innvandrarar, Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrerbefolkningen, vedlegg til St.prp. nr 1 (2007-2008). Der vert det peika på fire område som er viktige for inkluderingsarbeidet: - Arbeid - Oppvekst - Utdanning og språk - Likestilling og deltaking Informantane, dei fem asiatiske mennene, gav gjennom livsformsintervjua eit blikk inn i kvardagsliva sine. Intervjumaterialet vart analysert med utgangspunkt i problemstillinga og dei teoretiske perspektiva. I tillegg intervjua eg tre kvinner i ei fokusgruppe. Kvinnene arbeider i same bydel og har eit særskilt ansvar for å avklare arbeidsevna, og hjelpe folk attende til arbeidslivet. Trass i at informantane bur i demokratiske og frie Noreg, viser studien at desse asiatiske mennene stadig er prega av sine traumatiske opplevingar i heimlandet. Dei har levd i mange år prega av ikkje å kunne stole på folk, dei har vore forfølgde og overvaka. Dei har levd i eit system med angjeveri. I byrjinga av opphaldet i Noreg skaffa dei fleste seg arbeid, men etter kvart fall dei ut av arbeidslivet. Dei har få venner og eit lite sosialt nettverk. Vi ser at mennene i undersøkninga relaterer seg til heimlandet via TV, Internett og telefonkontakt som på mange vis fører til at dei lever liva sine i ei krigssone. Dei vert døgnet rundt minna om krig og elende. Døgnrytmen vert snudd, og dei vert på eit vis tidsforstyrra. Mennene finn tilsynelatande godt fram i hjelpeapparatet og brukar det aktivt. Dei signaliserer ikkje at det norske samfunnet verkar for komplekst for dei, slik mange etnisk norske ”likar” å tru. Alle mennene har trygd eller sosialhjelp som inntekt på intervjutidspunktet. Ingen er i lønna arbeid. Den økonomiske situasjonen verkar å vere lite forutseieleg. Uførtrygd kan verte stoppa, søknad om økonomisk sosialhjelp til livsopphald er meint å vere ei kortvarig yting. Søknader må fremjast og behandlast, og saksbehandling kan ta tid. Økonomien skapar bekymring. Sideblikket frå fokusgruppa skildrar møte med innvandrarmenn som det kan vere verdt å stille spørsmål ved. Møta kan opplevast som ein ”kulturkollisjon”. På den eine sida skal damene opptre fagleg dyktige og profesjonelle og vise respekt for brukarane. På den andre sida kjem menn med ein heilt annan kulturbakgrunn og kvinnesyn, utan erfaring frå eit velferdssystem der kvinner også har ei aktiv arbeidsrolle på lik linje med menn. Dei kvinnelege tilsette skildrar erfaringar som tilsynelatande bryt med det norske lovverket når det gjeld diskriminering på grunn av kjønn. Mannlege brukarar går ikkje av vegen for å kjøpslå, noko som kan verke å vere eit heller ukjent fenomen for dei tilsette. Dette kan vere ei utfordring, for kjøpslåing er ikkje ein del av den faglege tradisjonen i Noreg. Denne studien viser at det er fleire tema som bør settast på den offentlege dagsorden. For å unngå nokre av kulturbrytningane, bør kanskje saksbehandlarar (og behandlarar) få meir kompetanse om andre kulturar, eller også utvikle ein kultursensitiv praksis. Samstundes kan tida vere inne for at det offentlege tek ein diskusjon om det er riktig at den medisinske tradisjonen (og profesjonen) skal ha den sterke dominansen over behandlingssituasjonen for menneske med store psykiske helse- og sosiale problem. Legeprofesjonen, og til dels psykologprofesjonen, dominerer i stor grad behandlinga ved at fokuset deira i stor grad ligg på diagnose og diagnostikk som premiss for god behandling. Det kan vere verdt å utvikle ein praksis meir i retning av å legge vekt på pasientane sine ressursar med målsetting om auka livskvalitet. Fokus bør kanskje ligge på ei meistringslinje, heller enn ei arbeidslinje, slik Rita Elisabeth Eriksen tek til orde for i si doktoravhandling.
This study is based on a project at a psychiatric clinic in which of a group six Asian men participated in the spring of 2005. They had fled from their native countries, countries which had been, or were, at war, and where people were evidently persecuted, imprisoned and tortured. They had seen and experienced much violence and death in their own countries. I have interviewed five of them with the aim of understanding their daily lives and specifically how they tackle everyday life. My theoretical basis is on an intersectional perspective. An intersectional perspective is primarily the development of a theoretical perspective which links power and the differences in the individuals’ ability to take action. The individual creates the space for his way of life within the framework of the society, a framework which he also influences. The empirical work is tied to a way of life interview. I have conducted interviews with each of the respondents based on the previous day as an exemplary principal for daily living. I have begun with the central political directives for the integration of immigrants, The plan for integration and including of the immigration people, appendix to Governmental proposition Nb. 1 (2007- 2008) in which four areas important for integration are pointed out: - Employment - Adolescence - Education and language -Equality and participation. The respondents, the five Asian men, gave with their way of life interviews a glimpse into their everyday lives. The interview material was analysed in relation to the approach to the problems and to the theoretical perspectives. I also interviewed three women who work in the same city social services and are responsible for assessing the immigrants’ capacity for work and for helping them back into employment. The study shows that, despite the fact that these Asian men live in a democratic and free Norway; they are still marked by their traumatic experiences in their home countries. They have lived for many years knowing that they cannot depend on people; they have been persecuted and spied upon. They have lived in a system of denunciation. At the beginning of their lives in Norway most of them obtained a job, but after a while they dropped out of the job market. They have few friends and a narrow social network. The men seem to find their way to the social services easily and use them actively. They show no signs that the Norwegian society is too complicated for them, as many ethnic Norwegians “like” to believe. All the men receive social security as their only income at the time of the interview. None of them are gainfully employed. Their economic situation seems to be very uncertain. Their social security payments can be stopped as they are only meant as a temporary solution. Applications must be sent in and dealt with, and this can take time. The economic situation creates worries. A sidelong glance from the focus group illustrates facets of the meeting with immigrant men which can be worth querying. This meeting can be experienced as a “culture collision”. On one side are the female social workers who must behave competently and professionally and show respect for their clients. On the other side are men with a completely different cultural background and view of women, without experience from a welfare system where women also have active employment in the same way as men. The female employees describe experiences which apparently break Norwegian law with regard to discrimination on the grounds of gender. Male clients do not hesitate to bargain, something thing which seems to be a completely unknown phenomenon for the employees. This can be problematic as bargaining is not a part of the professional tradition in Norway.This study shows that several subjects should be put on the official agenda. To avoid some cultural collisions social workers (and therapists) should be given more insight into other cultures, or develop a culture–sensitive practice. It may be that the time is ripe for a public discussion concerning the wisdom of allowing the medical tradition (and profession) to dominate the treatment of people with severe psychiatric health and social problems. The medical profession, and to an extent, the psychology profession, largely dominate treatment by focusing on diagnosis and diagnostic as a premise for good treatment. It can be worth vile to develop a practice more along the lines of attaching greater importance to the patient’s own resources aiming better quality of life. The focus should maybe be more on tackling the daily way of living rather than focus on work, as Rita Elisabeth points out in her PhD report.

Keywords

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/283