«Livet mitt byrja i familieklubben» : ei kvalitativ undersøking av familieklubbmedlemmar si oppleving av samanheng mellom klubbdeltaking og livskvalitet

Author(s)

Publication date

2013

Publisher

Høgskolen i Oslo og Akershus. Fakultet for samfunnsfag

Document type

Description

Master i sosialt arbeid

Abstract

Denne masteroppgåva omhandlar korleis familieklubbar – ein form for sjølvhjelpsgrupper for menneske med problematisk rusbruk, og deira pårørande – påverkar livskvaliteten til klubbmedlemmane. Problemstillinga for oppgåva lyder som følgjer: Korleis opplever deltakarar i ein familieklubb at klubben påverkar livskvaliteten deira? Bakgrunnen for oppgåva er ei evaluering av dei norske familieklubbane som blei gjort i 2007 av Live Fyrand ved Diakonhjemmet Høgskole. Evalueringa konkluderte mellom anna med at familieklubbane førte til store endringar i klubbmedlemmane sine liv. Hensikta med denne oppgåva var å utforske klubbmedlemmar sine meiningar og erfaringar knytt til det å gå i familieklubb, og korleis dei opplevde at det påverka livskvaliteten deira. I undersøkingane vart det gjort kvalitative forskingsintervju med sju menneske som var aktive i familieklubb. Tre av desse hadde eigne erfaringar med problematisk rusbruk, tre var påverka av familiemedlemmar sin problematiske rusbruk, og ein var både påverka av andre sin problematiske rusbruk samt hadde eigne erfaringar med rus. Oppgåva er inspirert av eit fenomenologisk, hermeneutisk og eit sosialkonstruksjonistisk vitskapssyn. Informantane i undersøkinga fortel alle at familieklubbane har ein påverknad på livskvaliteten. Det er derimot store variasjonar i kva grad, og på kva slags måte. For nokre har klubbdeltaking hjelpe dei med å verte rusfrie, nokre å få ein betre relasjon til sine nærståande, og nokre skildrar at den viktigaste endringa var at familiemedlemmar fekk hjelp. Alle informantane seier at dei har fått den hjelpa dei søkte gjennom familieklubbane. I oppgåva er drøftinga delt i tre delar. I ein del drøftar eg mellom anna i kva grad og korleis familieklubbane har ein påverknad på interaksjonen mellom familiemedlemmar. Den andre delen drøftar korleis familieklubbane greier å skape endringar i klubbmedlemmane sine liv. Den siste drøftingsdelen tek føre seg kva livskvalitet tyder for informantane, og korleis dei opplever ei endring i denne. Oppgåva konkluderer mellom anna med at informantane ikkje berre opplever å få auka livskvaliteten, men at dei får ei ny haldning til utfordringane dei møter i kvardagen. Nokre skildrar det som å få ein ny livsstil, medan ei fortel at «livet mitt byrja i familieklubben».
The point of departure of this master thesis is with the “Familieklubb” – a Norwegian self-help organization affiliated with Clubs of Treated Alcoholics, a European organization established in 1964 in southern Europe, providing support for persons having substance abuse problems and their families. The thesis presents the findings of a qualitative study of this organization drawn mainly from interviews carried out with seven women and men who are active club members. A key question addressed by this research has been: How do members of this organization experience its effects on their quality of life? This question was examined in the course of the interviews along three main dimensions. The first focused on the interviewees’ experiences of the effects of club membership on interactions within their families. The second addressed the degree of support the interviewees experienced from the clubs in their everyday lives. The final dimension addressed how and to what extent the interviewees had experienced changes in the quality of their lives after joining the clubs. The study and its findings were analysed using a number of relevant ideas drawn from phenomenological, hermeneutic and social constructionist theories. Using responses drawn from the interview data, insights from these theories were then analysed using a three-fold perspective aimed at providing a comprehensive understanding of the club’s influence on persons directly and indirectly affected by drug and alcohol abuse. The first of these involved knowledge provided by systemic understandings of families. The second and related view- point involved knowledge drawn from social work practice with groups. And the final perspective involved knowledge from salutogenic approaches to health and well-being. Central among the major findings of the research is that the family clubs appeared to provide their members with a number of social and psychological benefits. One of the most important of these is represented by reports made by all interviewees about improvements in the quality of their lives. Moreover, they also reported that the support provided them by the clubs helped them in a number of ways to meet the challenges of their everyday lives. Some described these changes as being similar to discovering new lifestyles. And for one interviewee, the club transformed her life, or as she emphasized: «my life began in the family club»!

Keywords

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/2030