Leirskuleveka - Ei kvalitativ undersøking om kva elevane gjer der, og kva relevans ei slik veke har for elevane

Author(s)

Publication date

2018

Publisher

OsloMet - storbyuniversitetet

Document type

Description

Master i skolerettet utdanningsvitenskap

Abstract

Målsetjing: Leirskule er ei veke mange kjenner frå barneskulen, men det er eit område som er lite forska på. Denne oppgåva tek sikte på å følgje elevane gjennom ei leirskulevek, og få innsikt i kva relevans klasselærarane meiner veka har. Oppgåva si problemstilling vart då: "Kva uttrykkjer seg i elevane si verksemd i ei leirskuleveke, og kva relevans meiner klasselærarane ei slik veke har for elevane?" Metode: Får å finne svaret på dette har eg nytta ei kvalitativ metode med ein kombinasjon av deltakande observasjon og fokusgruppeintervju. Observasjon var av elevane og det dei gjorde frå ankomst til avreise i leirskuleveka. Det var tre ulike skular til stades denne veka, med om lag åtti elevar. Intervjua vart gjort saman med klasselærarane mot slutten av veka. Desse vart gjennomført i grupper, der lærarane frå den same skulen vart intervjua saman. Utvalet bestod av både mannlege og kvinnelege lærarar der nokre var med på leirskule for fyrste gong, medan andre hadde vore med opp mot seksten gongar på leirskule. Teoretisk perspektiv: Oppgåva er hermeneutisk vinkla, der eg som forskar har tolka og analysert det eg observerte frå elevane si livsverd på leirskulen. Klasselærarane sine refleksjonar vil og vera tolkingar dei har gjort ut frå sine erfaringar med elevar på leirskule. Vidare ligg det eit leirskuleperspektiv i botn. Eg har gjort greie for utvikling av tankane om at oppsedinga måtte vera noko meir, og korleis dette vidare la eit grunnlag for utvikling av leirskuletanken. Det har vist seg ulike forslag for kva retning pedagogikken burde ta. I denne oppgåva har eg avgrensa det til John Dewey sin pragmatiske og erfaringsnære pedagogikk, i tillegg til at eg trekkjer inn Otto Bollnow med eksistenspedagogikken som han meinte kunne fungere som eit utfyllande supplement til den tradisjonelle og meir kontinuerlege utviklinga. Resultat: Denne oppgåva viser at leirskulen vert som ein «miniatyr» av det sjølvstendige liv. Elevane vert stilt krav til, får ansvar for ulike oppgåver, er sosiale, opplev nye ting, og gjer elles det som trengs for å fungere saman frå morgon til kveld. For mange er det ei utfordrande veke, samtidig som det er ei veke med mykje læring. Det kjem fram at opplevingane i leirskuleveka kan ha relevans i elevane sine liv, men skal leirskuleveka ha nokon større relevans for skulegangen bør det leggjast opp til dette. Klasselærarane la i den samanheng vekt på at ein måtte førebu elevane, samtidig som dei må få tid i etterkant til å arbeide med det dei har opplevd. Leirskuleveka står seg ikkje åleine, men vert den kopla til skulegangen kan den verke supplerande på ei elles jamn og trygg undervising. Slik er leirskuleveka relevant i elevar sin skulegang og livet elles, ved å bidra til ei meir heilskapleg utvikling.

Keywords

Version

publishedVersion

Permanent URL (for citation purposes)

  • https://hdl.handle.net/10642/6232