Kjendisaktivisme - er det til gagn?

Author(s)

Publication date

2013

Series/Report no

Internasjonal Politikk;71(4)

Publisher

Universitetsforlaget

Document type

Abstract

Fenomenet kjendisaktivisme veks grenselaust intern asjonalt, skriv Tsaliki, Frangonikolopoulos og Huliaras i ein antologi om fenomenet (Tsaliki, Frango- nikolopoulos & Huliaras 2011b: 29). Likevel, legg dei til, er lite gjort for å under- søke årsaker til og verknader av kjen disaktivisme i internasjonal politikk. Det er ikkje få superstjerner som har engasjert seg i internasjonale spørsmål dei siste åra. Til dømes har den amerikanske skodespelaren Mia Farrow tatt del i kampanjar for å presse Ki na til å gjere noko for å få slutt på borgarkrigen i Darfur i Sudan, Roger «James Bond» Moore arbeider for å bygge opp skular i Malawi, og skodespel ar Danny Glover engasjerer seg for å få større merksemd om dei alvorl ege konsekvensane av hiv/aids globalt. Det er vanleg å knyte framveksten av kjendisar av denne typen til utvik- linga av teknologi, massemedium og globaliseringa av filmbransjen. Kjen- diskulturen slo for alvor gjennom med veksten i avisbransjen og med tele- grambyråa frå midten av 1800 -talet. Men kvifor speler det ei rolle kva kjen- disar seier om internasjonale spørsmål? Denne artikkelen tek for seg nokre ferske tilskot til debatten om kjen- disaktivisme. Den vil syne korleis slik aktivisme har endra seg dei siste åra, men også korleis ulike typar kjen disar engasjerer seg ulike slag kon- fliktar og spørsmål. Arti kkelen byrjar med eit lite, lokalt døme for å syne nokre historiske røter.

Keywords

Version

Postprint version of published article

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/1906