Gjenklang – utforsking av poetiske identitetstekstar og lingvistisk kapital i det fleirkulturelle klasserommet

Author(s)

Publication date

2012-01

Series/Report no

Skriveopplæring og skriveforsking;

Publisher

Tapir Akademisk forlag

Document type

Abstract

Dikt har tidlegare vore sjanger for literacy og frigjerande språkarbeid. I denne artikkelen diskuterer vi om og korleis den poetiske teksten igjen kan ha slike potensial ein spesifikk stad, nemleg i den fleirkulturelle skolen. Vi spør om diktet, som så ofte er tett knytt til framføringssituasjonen, også kan vere ein god sjanger for å få fram identitetstekstar og bli ein start på eit arbeid med språklege kontrastar i det fleirkulturelle klasserommet. Kan kontrastiv bruk av dikt vere med på å utvide dei oppfatningane skolen og elevane har om kva som er lingvistisk kapital? Kva slags rolle spelar samtalen på skolen i dette læringsarbeidet?Vi analyserer eit diktprosjekt i ein språkheterogen sjetteklasse. I prosjektet representerer poesien det leikne, det lydlege og det vesle formatet, som kan vere uttrykksfullt og meiningsberande både i språk og i språklæringsmiljø.

Keywords

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/1048