Garborg, Uppdal og revolusjonen

Author(s)

Publication date

2017

Publisher

Norsk Mediehistorisk Forening

Document type

Abstract

I siste halvdelen av det 19. hundreåret vaks det fram ei revolusjonær arbeidarrørsle i Norge. Den har vore grundig diskutert og studert frå mange vinklar. Men om lag samstundes fanst det eit litt anna revolusjo - nært miljø samansett mest av bønder og bonde - studentar som på ulike vis var knytte til målrørsla og skreiv i målblada. Dei mest kjende representantane for dette miljøet er kanskje Arne Garborg, Ivar «Matlaus» Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik. Desse tre stod mellom anna bak avisa Fedraheimen , som ein periode rundt 1890 kalla seg «anarkistisk-kommu - nistisk organ». Til denne kretsen bør me også rekne Kristofer Uppdal og Hulda Garborg, som er dei to mest interessante med tanke på norsk presse - dekning av den russiske revolusjonen. 1 Dei to var kanskje ikkje å rekne som «anarkistar», sjølv om Hulda Garborg stundom kalla seg sjølv «nihilist». Likevel var dei djupt påverka av den radikale fridomstradisjonen som gjennom Arne Garborg, Ivar Mortensson-Egnund og Rasmus Steinsvik strøymde frå delar av bonde- og landsmålsrørsla. Det er i norsk samanheng skrive atskilleg mindre om dette straumdraget enn om andre delar av den revolusjonære rørsla. Men eg trur at kunnskap om kva dei i samtida tenkte om den russiske revolusjonen, kan kaste lys over norske reaksjonar på «revolusjon» og revolusjonære organisasjonar både i åra etter den russiske revolusjonen og seinare. I denne artikkelen er eg særskilt interessert i å for - stå korleis dei reagerte på den russiske revolusjonen i lys av denne særeigne, revolusjonære tradisjonen.

Keywords

Version

publishedVersion

Permanent URL (for citation purposes)

  • https://hdl.handle.net/10642/5868