Den kulturelle skulesekken - Kvalitetsskule eller kulturarroganse?

Author(s)

Publication date

2015

Series/Report no

FORMakademisk;8(2)

Publisher

Høgskolen i Oslo og Akershus

Document type

Abstract

I programmet Visuell kunst i Den kulturelle skulesekken (DKS), var målsetjinga i utgangspunktet eit likeverdig samarbeid mellom skulen og kulturverda. Ti år inn i satsinga ser vi framleis usemje rundt mål og innhald knytt til samarbeidsprosjekt i skulen. To ulike profesjonar, med ulikt ideologisk og fagleg utgangspunkt, skal saman ha ansvar for ei arbeidsoppgåve. Rammene og arbeidsdelinga vert uklår og dette gjev opphav til eit profesjonsdilemma knytt til både forankring av programmet, og ansvaret for kvardagen i skulefaget Kunst og handverk. Å sameine kunstverda sine karismatiske verdiar og skuleverda sine demokratiske prinsipp for opplæringa kan verke som ei vanskeleg øving. Det mystiske i kunsten og vektlegging av tydelege læringsmål i skulen kan verke vrient å sameine i ein inter-profesjonell kvalitetsdiskusjon som set ideologiar i spel. Ut frå denne media- og dokumentundersøkinga kan det verke som om media si framstilling av DKS-praksis i større grad har vore med på å gravleggje relevante spørsmål knytt til problematikken heller enn å skape eit klima for gode diskusjonar på tvers av samarbeidet.

Keywords

Version

Copyright (c) 2015 Ingvild Digranes This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/2970