- Frantsen.pdf (2M)
Author(s)
Publication date
2019
Publisher
OsloMet - storbyuniversitetet
Document type
Description
Master i IKT-støttet læring
Abstract
Programmering er på veg inn i den norske skulen som ein del av fornyinga av læreplanane i Norge, omtala
som Fagfornyinga, den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Fagfornyinga vart lansert
med ei målsetjing om å «ruste elevane best mogleg for framtida», og i oversikta over kva som er nytt i dei
ulike faga er programmering eller algoritmisk tenking nemnt eksplisitt i faga Matematikk, Naturfag, Musikk
og Kunst og Handverk. Dei nye fagplanane med programmering i eksisterande skulefag og algoritmisk
tenking gjennom heile grunnskuleløpet trer i kraft hausten 2020. Med slike større læreplanendringar er det
interessant å sjå nærare på korleis dei vert opplevd av lærarane som skal innføre endringane i skulen og
klasserommet. Spesifikt er det interessant å sjå nærare på korleis lærarar som ikkje har
programmeringskompetanse og som underviser i skulefag som får programmering inn som nytt fagområde,
oppfattar ei slik endring. For å få eit breiare innblikk i utfordringane med å innføre programmering i
grunnskulen og ei tydelegare forståing av korleis innføringa kan verte motteken, undersøker eg i denne
studien problemstillinga: «Korleis opplever og forstår lærarar utan formell programmeringskompetanse si
rolle, i møte med innføring av programmering i skulen?» med fokus på rolleforståing, rolleutøving og
forventningar om utbytte av undervisninga. Problemstillinga blir undersøkt gjennom djupneintervju med 6
lærarar på mellomtrinnet i ei kommune som har satsa spesifikt på programmering på alle trinn. Funna viser
at lærarane ser at programmering kan ha ein verdi både i og på tvers av fag i skulen, men at lærarrolla i
møte med eit fagområde som er nytt og i stor grad ukjent i skulen er utfordrande og både krev
kompetanseheving og endring i rolleforståing.
Keywords
Version
publishedVersion
Permanent URL (for citation purposes)
- https://hdl.handle.net/10642/7795