Å stole på andre - Ei kvantitativ studie av sosial tillit

Author(s)

Publication date

2017

Publisher

Høgskolen i Oslo og Akershus

Document type

Description

Master i sosialfag

Abstract

Innleiing: Oppgåva undersøker korleis ulike demografiske variablar kan ha samanheng med sosial tillit, og analyserer desse tilhøva i lys av teoriar om sosial kapital. Metode: Utvalet besto av 1435 respondentar i Norge. Data vart skaffa frå European Social Survey, sjuande runde. Ulike demografiske variablar vart brukt som uavhengige variablar for å måle innverknad på sosial tillit. Deskriptive metodar som frekvensfordeling og korrelasjonstest vart brukt for å beskrive kjenneteikn ved utvalet. Lineær regresjonsanalyse vart brukt for å vurdere samanhengen mellom sosial tillit og dei uavhengige variablane. Resultat: Utdanningsnivå og alder hadde sterkast samanheng med sosial tillit. Di eldre ein er, og di høgare utdanning ein har, dess høgare tillit. Kjønn og inntektskjelde hadde ikkje samanheng med sosial tillit. Dei øvrige variablane var signifikante, men samanhengen var relativt svak. Drøfting: Modellane forklarte mindre av variasjonen enn forventa. Det kan tyde på det er andre variablar som ikkje er inkludert i denne studia som er viktigare for å predikere innverknad på sosial tillit. Oppgåva tek også føre seg metodologiske begrensingar og implikasjonar for sosialt arbeid, og drøfter tillitsomgrepet opp mot sosialt arbeid.

Keywords

Version

acceptedVersion

Permanent URL (for citation purposes)

  • http://hdl.handle.net/10642/5361